Om Arki
Historie
Arkitektkontoret Bergseth og Gjørven vart etablert i 1982 i Angedalsvegen 4, Førde.
Firmaet vart utvida til ARKI samarbeidande arkitektar ans i 1986, og deretter til
ARKI arkitektar AS i 1990.
Firmaet har såleis følgt utviklinga i fylket/Nordvestlandet i over 20 år, og hatt ein jamn auke i bemanning og oppdragsmengde. I 2003/04 vart avd. kontora i Florø og Ulsteinvik tatt over av dei tilsette der, slik at all vår aktivitet no skjer i Førde.
kompetanse/utstyr
I løpet av desse åra har vi opparbeidd brei kompetanse innan dei fleste fagområde, og
innarbeidd gode samarbeidsrutinar med eksterne konsulentar og utførande entreprenørar.
Firmaet har sentral godkjenning i tiltaksklasse 3, og er medlem av Arkitektbedriftene (tidl. NPA).
Teikningsproduksjonen vert i hovudsak utført på AutoCad Revit (3d-prosjektering).
Vi utfører og storformatkopiering, inkl. forstørring/forminsking.