| | | | |
| | |  | Privatkundar- Før kunden gjer eit val om å nytte seg av våre tenester, kan vi tilby eit gratis og uforpliktande møte på ein halv time, der vi diskuterar og avklarer rammer og føresetnader for eit eventuelt oppdrag.
- Vi teiknar huset (hytta) tilpassa kunden sine ynskjer, tomteforhold, mm
- Deretter kan vi utarbeide komplette anbudsdokument for totalentreprise, gjennomføre anbudskonkurranse med vel kvalifiserte, lokale entreprenørfirma/byggmeistrar, og sørge for oppretting av kontrakt mellom byggherre og utførande. Vi kan og ta oppfølging i byggetida, samt alle offentlege søknader, og dokumentasjon.
- Resultatet vert eit skreddarsydd hus/hytte, samtidig som ein oppnår fordelane med å utnytte konkurransen i marknaden, dvs. at ein får bygget til lågast mogleg pris.
- Vi har i slike anbodsrunder prisskilnader på gjerne 500 000 for ein einebustad.
- Det er kunden som definerar omfanget av vårt arbeid: vi kan og utføre delar av planleggingsarbeidet og/eller sakshandsaming. Dette kan vi avklare på innleiande møte, eller justere undervegs i prosessen.
| BildeHer kjem bilde frå privatprosjekt. |
| |
| | | |