Nedre Bøbakkane kjem for sal våren 2015

ARKI arkitektar AS har prosjektert dette bustadområdet for Å & Ø Utvikling AS. Prosjektet har totalt 54 husvære fordelt på 6 bygningar. Alle husvære har vestvendt stove og balkong, med ettermiddags/kveldssol, og panoramautsikt til dalbotnen og fjella bakom. Felles uteareal får høg materialstandard, og er godt tilrettelagt for leik og felles sosiale aktivitetar.

Det er utarbeidd eigen reguleringsplan for området, denne er til kommunal handsaming. Planarbeid og prosjektering utomhusareal er utført av Flataker Landskap i samarbeid med arkitekt.

For å få meir informasjon og evt melde di interesse: kontakt Å & Ø Utvikling AS..