Bergum, Førde: Rehabilitering av fasadar

Oppdragsgjevar: Bergum Burettslag.

Vinnarprosjekt i arkitektkonkurranse 2010. Rehabilitering av 2 blokker med tilsaman 72 husvære.

Uttrykksfullt formspråk kombinert med praktiske løysingar: større balkongar, samt lita bod til balkong. Bodene dannar basis i formspråket, samt at dei fungerar som skjeming sidevegs mellom balkongar. Bygningane er frå 1971, og vert no oppgradert til svært energivennlig løysing: Lavenergi klasse 1, med støtte frå Enova.

Kostnadsramme 45 mill. Prosjektet er ferdigstilt.