FØRDEHUSET MULIGHETSSTUDIE

Sentralhallen ved 50-årsjubileet til Førdehuset i 2026?

Sentralhallen i Førdehuset er tilpassa det opprinnelege byggeprogrammet og publikumsomfanget midt på 70-talet. Det er 45 år sidan Førdehuset opna, og både huset og staden har blitt større, samt at tal og type aktivitetar har blitt fleire. Dette har medført at sentralhallen i 2021 opplevast både for trang og for mørk. Gjennom mulighetsstudiet for Førdehuset foreslår vi blant anna å opne opp i dekket mellom etasjane i sentralhallen. Dette grepet vil gi eit både luftigare og lysare inngangs- og kaféområde. Originalskisse frå 1972 under.

 

Originalskisse av Peder Ristesund, 1972

Førdehuset var den første kulturhusbygningen av sitt slag i Noreg, der kultur og idrett var å finne under same tak, og har blitt ein ikonisk bygning lokalt. Dette var ei storsatsing den gongen, og stadig ein suksess i Sunnfjord. Mulighetsstudiet ser på kva potensial som ligg i bygningsmassen i dag, for å vidareutvikle Førdehuset etter same suksessformelen som sist, som ein viktig samlingsplass for folk, ei storstove for sunnfjordssamfunnet, med utgangspunkt i både fleirbruk og sambruk, for både organiserte og uorganiserte aktivitetar - på tvers av døgnet og året.