Sentrumsplan Førde:
BYLAB Storehagen
Arki er vertar saman med Sunnfjord kommune
Framtidsverkstad på “Skywalken” (Alti)
Laurdag14. juni
kl. 12-15
Vi håpar på ein god miks av kollektiv undring, konstruktiv kritikk og stort engasjement!
Kom med innspel
Du kan allereie no kome med alle dine geniale forslag og idéar.
Korleis meinar du at Storehagen burde utvikle seg framover?
Sei di meining i dette skjemaet eller scann QR-koden under!
Storehagen har eit stort potensial for framtidig utvikling av Førde sentrum. Førde har ei fascinerande historie, og transformasjonen av Storehagen begynte allereie på 1980-talet då det gamle slaktehuset vart ombygd til kjøpesenteret Handelshuset. No planlegger Firda Billag å flytte sin gods- og verkstadaktivitet til Bruland på sikt, når massane frå Hafstadfjelltunellen har reidd grunnen for nytt tomteland der. Det er endå store, relativt åpne areal i Førde sentrum, som innbyr til framtidige fortettingsmuligheter. Det er ei krevande øving å fortette byar, og det er mange omsyn å ta, difor er det viktig at gode tankar og idéar spelast inn.
REGULERING AV FØRDE SENTRUM
Rett etter krigen budde det under tre hundre innbyggarar i sentrum, og det var heile atten tettstadar i Sogn og Fjordane som var større enn Førde. Her er starten på ein artikkel i Firda – Bygdeblad for Sogn og Fjordane, fredag 2. august 1946, med tittelen Reguleringa av Førde sentrum:
«Førde står framfor ei stor oppgåve. Ein regulering er like viktug og avgjerande for utviklinga av sentrumstroket, som ein grunnmur for eit hus. Når ein ser på reguleringsplanene for dei tettbygde strok (Vaheim, Dale, Askvoll o.s.v.) og for byane som skal atterreisast, fell det straks i auga at føremålet først og fremst er å skapa gode vilkår for husbyggjinga i framtida. Vegar og gator vert lagde slik at tomtane vert romslege. Det skal bli plass til ein liten hage og ope for sol. Samanklumping av hus er bannlyst.»
DET VENE FØRDE! - del 1
Firda - fredag 17. desember 1948:
"I alle tider har kunstmålarar, fotografar og tilreisande, og vonleg ein stor del av førdefolket sjølv, ovundra det vene elvepartiet nedanfor Langebrua. Den breide elva med skogholmen er ein så vakker idyll, at den har vorte det sentrale i så mangt eit bilete frå bygda. Denne idyllen har vore årsak til så mange begeistra utrop: " kor vakkert det er i Førde! - Veit De, at De bur i landets venaste bygd? sa ein vidreist turist."
Artikkelen Ing. Bonde sitt varsko er artig lesnad, og viser litt av dei problemstillingane som låg til grunn for at Firda Billag "flytta på landet" tidleg på 1960-talet, då dei etablerte nytt anlegg i Storehagen, på nordsida av Jølstra, etter å ha halde til på sørsida på 40- og 50-talet.
Firda Billag sitt område i Storehagen i dag står framom ein transformasjonsprosess i løpet av dei kommande tiåra, då billaget har planlagt å flytte verkstad- og godsaktiviteten sin til Bruland. Rett nok avhengig av massar frå bygging av Hafstadfjelltunellen.
Igjen er billaget sin aktivitet er eit sentralt emne for sentrumsutviklinga, men denne gongen altså i Storehagen, som også er namnet på hovudgata som går aust-vest på nordsida.
Med ny gang- og sykkelbru som koblar Naustøyna med Storehagen (Tiltak 8 i Førdepakken), vil dette nok ein gang sette fokus på Jølstra-idyllen, og være med å styrke det gode arbeidet som allereie er godt i gang, med å vende sentrum mot elva att!
DET VENE FØRDE! – del 2
Her er nokre av motiva av Skogholmen / Naustøyna / Tangen - hovudsakleg frå Nasjonalbiblioteket si biletsamling:
Foto: Axel Lindahl, årstal ikkje kjent, men etter 1885 sida kyrkja er ferdigstilt.
Foto: Mittet & Co AS, årstal ikkje kjent, men oppgitt til 1900. Gamlebanken på Feten er med på biletet og vart bygd i 1901-1902. Ny fagverksbru i stål vart etablert i 1925 etter flaumskade i 1922.
Foto: Normanns Kunstforlag A/S - Postkort, truleg frå 1930-talet(?) Apoteket (Pontoppidan) på nordsida av Langebrua vart oppført på slutten av 1920-talet.
Foto: Vilhelm Skappel, Widerøes Flyveselskap, oppgitt 1936-38.
Foto: Mittet & Co AS, oppgitt 1960. Ny Langebru (syner på biletet) vart ferdigstilt i 1959. Løken ved Tangen / Naustøyna / Skogholmen er endå ikkje mudra opp og utfylt (rundt 1962-63?).
Foto: Widerøe’s Flyveselskap, 1963. Nede til venstre viser fundamenteringsarbeidet på slaktehuset som var under bygging i Storehagen, som seinare vart transformert til Handelshuset (Alti).
Foto: Knut Aune Kunstforlag, cirka 1965-70.
Storehagen før og no
Bileta under viser Storehagen på 1930-talet (truleg) og i 2025, frå omtrent same høgda og i same retningen. Klakegg-huset ligg sentralt i nedre del av motivet.
Foto: Normanns Kunstforlag AS, truleg på 1930-talet
Foto: Arki arkitektar AS, 2025